Eldhuset

Eldhuset
Julemarknad i Kvammegården foto OHB

Om oss i Eldhuset og på Montørstasjonen på Lærdalsøyri

tirsdag 6. mars 2012

Gåver - Disken frå Oddebui og Teppe til glede-aksjonen

Dei fire buene i Øyragata : Hellandbui - Oddebui - Ulvikbui - Lindstrømbui


Husflidslaget har fått eit stor gåve - ein ny kjøpmannsdisk
- den har vore i Oddebui - den rosa av dei fire buene i Øyragata.
Bileta er tekne i april 2008 medan Øyrastova framleis heldt til i Oddebui.

Her er Nrk sitt fylkesleksikon med meir om historia til Oddebui og eigarane.

Gjevaren visste at den hadde stått i ei av buene -
fleire av karane som bar disken inn i Eldhuset hadde handla Donald over denne disken!

Ein kjøpmannsdisk på nærare 2,5 meter tek stor plass i lagshuset,
men no har laget disk til bruk når Eldhuset er butikk,
lang arbeidsbenk og lagerplass for uendeleg mykje!


Her er teppet som skal sendast via Årdal quiltelag til Arna Quiltelag plassert på disken.
På denne verdsvevsida fortel laget historia om aksjonen som starta i Bergen i 2001.


                         




Dette er ein ”bli-bra-quilt ”                  

          frå Lærdal husflidslag.

     Me håpar den virkar!!!            




Her er lenkja til blogginnlegget frå søndagsskulen i september.
Teppet skulle ha vore ferdig til årsmøtet, det vart ikkje tid nok til det
men lova på årsmøtet at det skulle leggast ut på verdsvevsida.
No er teppet og puta vaska i vaskemaskina og tørketromla -
så no er det klart!

Sidan det allereie er veldig mange lenkjer i innlegget,-
her er lenkja til utgangspunktet for søndagsskulen; - Flygande gjess utan svinn !!!

Det vert nok fleire tepper til aksjonen frå Lærdal husflidslag -
ikkje usannsynleg at det vert guteteppe neste gong!
Tepper til glede-aksjonen - si verdsvevside viser alle teppa som har vorte laga til barn på Haukeland
- 1041 (eit tusen og førtien!) tepper er registrert til dags dato!
Her er ein omtale på Helse Bergen sin verdsvevside.

Putetrekket til teppet - eit resultat av at det var 2 stjerner til som vart sydd på søndagsskulen.
Med to handtak på innsida av putetrekket, kan teppet berast med på tur.

mandag 5. mars 2012

Lær å lage Ivana sine dukker på søndagsskule 15.april


Ivana vert lærar på søndagsskulen i april -
meir informasjon kjem etterkvart.
Dersom du allereie veit at du vil delta;
 - send melding på laerdal.husflidslag@gmail.com
eller til einkvan i styret.


Her er det rikeleg høve til å lage dukker med eigne fargeynskje og uttrykk!







søndag 19. februar 2012

Årsmøtet - styret skal ha meldingane innan i morgon!

Årsmøte 27.februar kl 19.00 på Kvammes.

1.-7.Vanlege årsmøtesaker
8.Val
9.Val av arbeids- og ansvarsgrupper
10.Arbeids- og aktivitetsplan

11.Innkomne saker

Styret oppfordrar medlemmane til å kome med ynskje om aktivitetar i 2012.
Innkomne saker må vere styret i hende innan 20.februar 2012.

Servering og utlodding, ta med gevinst til utloddinga.

Vel møtt!

onsdag 8. februar 2012

Årsmøte 27.februar kl 19.00 på Kvammes kafe




Innkalling til årsmøte for 2011

Til medlemmane i Lærdal husflidslag

Det vert halde årsmøte i laget den 27.februar 2012 kl 19.00 på Kvammes kafe.
1.-7.Vanlege årsmøtesaker
8.Val
9.Val av arbeids- og ansvarsgrupper
10.Arbeids- og aktivitetsplan
11.Innkomne saker

Styret oppfordrar medlemmane til å kome med ynskje om aktivitetar i 2012
.
Innkomne saker må vere styret i hende innan 20.februar 2012.

Det vert servering og utlodding.
Ta med ein gevinst til utloddinga.
Vel møtt!
Helsing styret i Lærdal husflidslag

torsdag 2. februar 2012

Årsmøte 27. februar 19.00 på Kvammes

Det vert årsmøte siste måndag i februar - meir info kjem!

onsdag 7. desember 2011

Strikkekafe hjå Huldra i Flåm & Storytellerkjolen!



Denne meldinga kom på Fjesboki for ei god veke sidan - og vi syntest dette måtte vere eit fint høve til å vitje Huldra! Vi melde oss på - hadde kaffi i termokoppane men lefseklingen let vi vere igjen heime, - det var gode julebrød og kaker på strikkekafeen - så det sto ikkje på!

Trykk her - og du kjem til Fjesboksida til Huldra Husflid og Kunsthandverk

Torill Bruvik og Wenke Bakketun opna Huldra i Gamle samvirkelaget i Flåm sist sommar.
Dei held ope tirsdagar, torsdagar og laurdagar eller andre ettermiddagar etter avtale.

Dei fortalde at dei hadde ommøblert ein del for å få plass til så mange strikkedamer.
Mykje lekkert strikkegarn frå Du store Alpakka, Telespinn, Hillesvåg og Solberg.
Naturlegvis også strikkeutstyr og syutstyr og bøkene til Signe Olaug Pedersen.
Elles plasert rundt om i dei to romma var det glaskunst av aurlendingen Merete Rein, keramikk av Linda Lid frå Voss og porselen av Sarah Reed i Bergen, smykke frå Kristin Selboskar, oppvaksen i Aurland - og dei fortalde om ynskje om endå fleire leverandørar av kortreiste produkt.

Jorun Barane frå Jord- og hagebruksskulen fortalde om Storytelleren (historieforteljaren) Sue Reed og Storyteller-kjolen  - eit strikkeprosjekt med inspirasjon frå ein kjole i hønsestrikk (frå Rosendal?)

Storytellerkjolen er utstilt hjå Huldra.

Kvar mønsterrapport hadde si eiga forteljing som vart til når Sue var ute og reiste - med inspirasjon frå andre mønster eller landskap eller motiv som kjenneteikna eit område.
Alt er dokumentert i ei bok som fyl med kjolen - i den kan alle som ynskjer skrive ei melding når dei har vore innom Huldra og kanskje også spøta litt på spøtet som ligg klart i ei korg.
Eit spanande prosjekt - som fortset!

Det vart ikkje notert etterkvart, så her er det rikeleg høve til å melde frå om endringar som bør gjerast!

Glaskunsten med blitz var ikkje heilt heldige - og dei fine smykka var ikkje tekne bilete av i det heile! Dette er bileta frå den hyggelege kveldsstunda på Lunden i Flåm og litt har eg lånt frå fjesboksida til Huldra.

Det var trangt på strikkekafeen - bamsar var laga av ei av husflidsdamene
Torill og Wenke
Mange spøtedamer



Garn - fargerikt - tynt og tjukt - mjukt og sterkt...
Alle garnsortane er strikka i minst eit produkt...
Blomstrande porselen

Denne hjartejenta eller hjartehuldra må representere all den fine keramikken - ein kan sjå ein del av produkta på spøtedamebileta...
Bomullsklutar og heimelaga såper.
Storytellerboka og spøtet
Anne Kari med kjolen - spøtet og boka oppslått på ei Rosendalside
Inspirasjonen og resultatet
Barneteikningar
Garnkrokar til vandrande strikkarr - også kjent for noko som haugianarane gjorde på reisene sine

Førebels siste side - 4.desember 2011.
Lånebilete frå Huldra si Fjesbokside: - smykke
& Huldra i glas.
























fredag 2. desember 2011

Julemesselaurdag 3.desember

Siste julemesse for i år - laurdag 11-16.00

Sogn avis nyttar bileta av dei vakre julekakene om Julemessa på nett - skrivefeila er ikkje SA sine!