Eldhuset

Eldhuset
Julemarknad i Kvammegården foto OHB

Om oss i Eldhuset og på Montørstasjonen på Lærdalsøyri

søndag 18. september 2011

Søndagsskule i september


Eit kurs i å sy "flygande gjess" i færre og enklare operasjonar
- og utan svinn var skuletilbodet.
Dessutan bruk av "flygande gjess" til åttebladroser
til alt frå gryteklutar, via løpar, duk til dobbelt sengeteppe.

For å la alle prøve ut teknikken utan å skjere i sine eigne stoff,
hadde søndagsskulelæraren skore opp alle bitane til blokkene til eit teppe til "Teppe som gleder"- aksjonen til Arna og Bergen Quiltelag.
Hadde også laga eksempel på dei ulike sy-, klippe- og strykeoperasjonane
- slik at elevane kunne sjekke neste trinn der også.
12 blokker ferdigsydd -
3 blokker gjenstår fordi nokre elevar hadde "gyldig fråver" og får høve til å prøve seg.
Dersom det er ynskjeleg, 
kjem søndagsskulelæraren til å bruke denne kvilten til å vise korleis ein kan kvilte eit teppe i tre delar.  

Sissel K. hadde laga nydeleg gryte med salat og ris -
og vi hadde kake til kaffien også.

Retteleg så eit velsigna greitt søndagsskulemøte!




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar