Eldhuset

Eldhuset
Julemarknad i Kvammegården foto OHB

Om oss i Eldhuset og på Montørstasjonen på Lærdalsøyri

fredag 9. september 2011

Haustnytt

Medlemsskriv er på veg ut til medlemmene som fortel kva som skal skje på Eldhuset i haust.

Septemberhendingar:

Veke 37
Lappesaumarkveld 12.september frå 18.00 - etter at stemme er avlevert i det rette stemmelokalet.
Arbeidskveld 15.september frå 18.00
Søndagsskule 18.september frå 11.00 - 15/16.00 Påmelding til Sissel K. kr 100,- inkludert lunsj
  Saum av "flygande gjess" som kan kobinerast i det uendelege som tildømes åttebladroser.
  Det vert høve til å kjøpe materiale, - t.d. nydelege adventsstoff og ulike einsfarga og mønstra stoff.
  Ta gjerne med stoff du har frå før - julestoff - hauststoff - restar av kjøkkengardinene osv

Veke 38
Lappesaumarkveld 19.september frå 18.00
Arbeidskveld 22.september frå 18.00
Haustmarknad ope laurdag 24. og søndag 25.september, sal av vafler&kaffi.

Om du ikkje er medlem - er vi glade for å få potensielle medlemmer på besøk!

Det vert fleire torsdagar med eigne tema
og fleire søndagsskular - meir info kjem etterkvart som det er klart.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar