tirsdag 25. mars 2014
torsdag 20. mars 2014
Påskepynt i Eldhuset i kveld
Vi har samla oppskrifter på strikka, hekla og sauma påskepynt.
Ta gjerne med gult/påskepyntfarga garn og pinnar/heklekrokar som passar og gult/påskepyntfarga stoffbitar.
Eller ta med det handarbeidet du held på med - og kom!
Vi har både kaffi/te og bittelitt å bite i!
Alle er velkomne!

fredag 14. mars 2014
Nupereller på Hopastova i Aurland!
Lærar er Solveig Lie.
Nupereller er ein utdøande husflidsteknikk som det er viktig å ta vare på,
og alle både medlemmer og ikkje-medlemmer er hjarteleg velkomne.
Aurlendingane ynskjer å få ein peikepinn på kor mange som er interessert -
ta kontakt med Eldrid 91325165 eller ol-gro2@online.no
torsdag 13. mars 2014
Vis og fortel
I dag er dagen då du tek med deg ein eller fleire ting du har laga -
det kan vere alt frå eit lite sølvsmykke og nupereller til store dukar og tepper.
Ideen kjem frå quiltelag. Vi synest den kan nyttast i vårt husflidslag og
vi kan vise kvarandre breidda i det vi held på med!

mandag 3. mars 2014
Strikkekaféar!
Førstkomande torsdag 6.mars er det Strikkekafé i Eldhuset!Eldhuset er ope frå 19-21
Garnet til strikketeppet til Marknadslotteriet ligg klart,ta gjerne med rundpinne eller langpinne nr 4,5.
Teppet skal setjast saman av lappar som er strikka på skrå, - i lyse og svale fargar.
Tek du med tovbart garn og strikkepinnar, kan du få oppskrifter og rettleiing på tova vottar, tøfler og sitjeunderlag om du ynskjer det.
Eller
- ta med strikkearbeidet ditt eller det du har lyst til starte på, - og kom!
Det vert strikkekafé i Eldhuset den første torsdagen i månaden.
(Dersom det fell på ein helgedag, er det strikkekafé den andre torsdagen i månaden!)
Kaffi/te og noko å bite i.
Men allerførst er det Strikkepub på Borgund på onsdag 5.mars - det er minst ein bil som har ledige sete, spør Astrid!
... aktivitetar og planar...
Marknadslotteriet
Fleire er allereie godt i gang med gevinstar til Marknadslotteriet
Den fine Baby-dukka får stendig meir klede og utstyr.
Garn og oppskrifta til det store strikketeppet ligg i Eldhuset og
ein nydeleg duk vert veven i vevstova i Telegrafgarasjen.
Veving av fillerye
Ein av vevstolane i Telegrafgarasjen skal gjerast klar for filleryer.
Vevstolen skal rennast i felleskap, slik at vi uøvde også får lære det.
Ein del melde seg på årsmøtet, meld frå om du også vil vere med!

Eldhuset er ope torsdagar 19-21
Den som har ansvaret sørger for at døra er open og at det er litt kaffimat.
Den som har ansvaret sørger for at døra er open og at det er litt kaffimat.
Strikkekafe er første torsdag i kvar månad.
(Er det ein helgedag, så vert det den andre!)
Det vert lagt opp til å ha eit tema kvar gong, men også høve til å ta med eige strikk.
(Er det ein helgedag, så vert det den andre!)
Det vert lagt opp til å ha eit tema kvar gong, men også høve til å ta med eige strikk.
NB! Andre aktivitetar kan kome eller det kan verte endringar,
men vi skal freiste halde lista oppdatert!
Torsdag 6. mars Strikkekafé – tova vottar,
tøfler og sitjeunderlag
Torsdag 13. mars Vis og fortel
Torsdag 20. mars Påskepynt – strikking, hekling og saum.
Torsdag 27. mars Hekle lyslykt
Søndag 30. mars Søndagsskule – påskeløpar
Torsdag 3. april Strikkekafé – vottar og OL-hue
Torsdag 10. april Frie aktivitetar og ferdigstilling av arbeid. Lyspynting?
Torsdag 24. april Innsats på strikketeppet.
Torsdag 8. mai Strikkekafé
Torsdag 15. mai Vis og fortel
Torsdag 22. mai Montere strikkateppe og mottak av gevinstar
Torsdag 29. mai
Torsdag 5. juni Strikkekafé
Torsdag 12.juni Koppebrikke eller «Mug rug» - lappesaum
Torsdag 19.juni Rydding, mottak av varer og klargjering til marknaden
og etterpå er det mat og kos.

Abonner på:
Innlegg (Atom)