NB! sjekk siste nytt om den komande strikkekafeen i Eldhuset nederst på dette blogginnlegget!
Lærdalsvotten frå 1787
Årdal husflidslag har følgande pressemelding på verdsvevsida si:
“Handarbeidskafe på museet om tvebandstrikking.
Sogn Bunadnettverk arrangerer onsdag 14 mars klokka 19 handarbeidskafé på De
Heibergske samlinger - Sogn Folkemuseum. Da skal vi øve på tvebandstrikking
eller totrådbinding. Denne gamle strikketeknikken med to trådar gir varme og
slitesterke plagg. Dei som vil læra må ta med seg ullgarn i to fargar og tunne
strikkepinnar.
Sogn Bunadnettverk har som mål at fleire skal strikke ”Lærdalsvotten”. Votten
frå 1787 er den eldste norske votten i denne type tvebandstrikk, og har sidan
1877 vore i samlingane til Nordiska museet i Stockholm. Den har vakkert farga
broderi på handflata og flossa krage med rutemønster.
På handarbeidskaféen vil Bjørg Hovland gi ei innføring i tvebandstrikking og
syne nokre døme på bruk. Vi finn lite av teknikken i museet sine samlingar. Om
nokon har døme heime ta dei gjerne med på møtet.
Det vert utlodding, open museumsbutikk og servert kaffe, te og kaker i
kaféen. Det er gratis inngang og alle er velkomne.”
Desse kveldane på museet er alltid så inspirerande og trivelege. Sogn
bunadnettverk gjer ein flott jobb for alle husflidsinteresserte i indre strok.
Møt opp!
Heilt samd med Marianne sin siste kommentar,
synest husflidslaget i Lærdal bør vere svært godt representert på handarbeidskafeen - med så mange flinke strikkarar som laget har! - og dei fleste kjenner strikkarar som ikkje er medlem av laget!
Samkøyring kan vere ein god ide!
Kaffien og kakene er alltid gode!
På veg heim frå De Heibergske vart det bestemt at det skulle vere:
Strikkekafe i Eldhuset
10.april - første tysdag etter påske
klokka 18.00 - høver det best å kome i 7-tida så går det også bra!
Vi lærer teknikken vidare - har du noko eksempel på tvebandstrikking er det berre å ta med dette!
To fargar garn og tynne pinnar kan du gjerne ta med,-
då kan du jo ta med fargar som høver til deg til ein mobilvott!
Ta gjerne med ditt eige strikkarbeid også.
Det er alltid kaffi/te og kjeks å få i Eldhuset - denne gongen vert det kake også -
om du har lyst å seie i frå på førehand er det ekstra greitt.
Vi er også på Facebook - der kjem iallefall nyhendene og påminningane!