Eldhuset

Eldhuset
Julemarknad i Kvammegården foto OHB

Om oss i Eldhuset og på Montørstasjonen på Lærdalsøyri

tirsdag 6. mars 2012

Gåver - Disken frå Oddebui og Teppe til glede-aksjonen

Dei fire buene i Øyragata : Hellandbui - Oddebui - Ulvikbui - Lindstrømbui


Husflidslaget har fått eit stor gåve - ein ny kjøpmannsdisk
- den har vore i Oddebui - den rosa av dei fire buene i Øyragata.
Bileta er tekne i april 2008 medan Øyrastova framleis heldt til i Oddebui.

Her er Nrk sitt fylkesleksikon med meir om historia til Oddebui og eigarane.

Gjevaren visste at den hadde stått i ei av buene -
fleire av karane som bar disken inn i Eldhuset hadde handla Donald over denne disken!

Ein kjøpmannsdisk på nærare 2,5 meter tek stor plass i lagshuset,
men no har laget disk til bruk når Eldhuset er butikk,
lang arbeidsbenk og lagerplass for uendeleg mykje!


Her er teppet som skal sendast via Årdal quiltelag til Arna Quiltelag plassert på disken.
På denne verdsvevsida fortel laget historia om aksjonen som starta i Bergen i 2001.


                         




Dette er ein ”bli-bra-quilt ”                  

          frå Lærdal husflidslag.

     Me håpar den virkar!!!            




Her er lenkja til blogginnlegget frå søndagsskulen i september.
Teppet skulle ha vore ferdig til årsmøtet, det vart ikkje tid nok til det
men lova på årsmøtet at det skulle leggast ut på verdsvevsida.
No er teppet og puta vaska i vaskemaskina og tørketromla -
så no er det klart!

Sidan det allereie er veldig mange lenkjer i innlegget,-
her er lenkja til utgangspunktet for søndagsskulen; - Flygande gjess utan svinn !!!

Det vert nok fleire tepper til aksjonen frå Lærdal husflidslag -
ikkje usannsynleg at det vert guteteppe neste gong!
Tepper til glede-aksjonen - si verdsvevside viser alle teppa som har vorte laga til barn på Haukeland
- 1041 (eit tusen og førtien!) tepper er registrert til dags dato!
Her er ein omtale på Helse Bergen sin verdsvevside.

Putetrekket til teppet - eit resultat av at det var 2 stjerner til som vart sydd på søndagsskulen.
Med to handtak på innsida av putetrekket, kan teppet berast med på tur.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar