Eldhuset

Eldhuset
Julemarknad i Kvammegården foto OHB

Om oss i Eldhuset og på Montørstasjonen på Lærdalsøyri

lørdag 15. september 2012

Ivana-dukkene frå Lærdal
















Vi er i gang med å ta bilete av Ivana-dukkene vi laga på kurs med Ivana i vår.
Først ute på fotosession på torsdagen var Jorunn og Bente sine dukker.
Vi veit at det er fleire som er ferdige -
så det vert nok meir bilete etter kvart.
 
Det er 4 som har meldt seg til å vere med på å saume lappeteppe til utlodninga på Julemessa.
Medlemmer og andre i Lærdal -
gjer vel og meld deg
Er vi mange
vert det berre litt på kvar!
 


onsdag 12. september 2012

Aktivitetsplan hausten 2012


Styret ynskjer vel møtt til ein hyggeleg husflidshaust.

11. oktober kl. 18.00-21.00 Sying med dongeri
  • Jorunn Hatlevoll rettleiar i å lage teppe/pute/veske
  • Ta med kle/stoff av dongeri, det du har.
  • Noko anna stoff som høver til applikasjon, dersom du vil ha det.

18.november kl 10-17.00  Søndagsskule med toving.
  • Anna Margrethe Tråve viser korleis tove sitjeunderlag, gryteklutar og pulsvarmarar.
  • Ull vert å få kjøpt
  • Mat
  • Påmelding til Sissel Klunderud tlf 40293079                                            
6.desember kl 18.-20.00 Glasing av englar i kunstglas
  • Gerd Skalle viser teknikken

Vevinga held til i Montørstasjonen - ta kontakt med Torbjørg Takle tlf 57666372

Julemesse 1.-2.desember i Lærdal kulturhus og julegateopning
  • Nærare informasjon kjem
  • Julelotteri
Juleavslutning 13.desember  enkel servering og hygeleg prat.




fredag 4. mai 2012

AVLYST - Søndagsskule med Ivana - elefantdukke!









Kurset er diverre avlyst!
Førstkomande søndag 6.mai er det søndagsskule frå 10-tida til 18-tida i Eldhuset med matpause.
Prisen for materialpakken er kr. 150,-

Kurset er ikkje fullt - det vert helde uansett.
Kurset har vore utlyst på FB - men har ikkje vore omtala her.
Ta kontakt med BenteO for meir informasjon.

mandag 19. mars 2012

Aktivitetsplanen 1.halvår 2012

Me held fram med å ha sykveldar måndagar frå kl 18.00, og ope hus med ulike aktivitetar kvar torsdag frå kl. 18.00 og utover.


Torsdag 22. mars: Nålefilting/toving av påskeegg/påskepynt.
Inga påmelding, møt opp om du ønskjer å vera med.


Tysdag 10. april: Strikkekafe - der Anne Kari, Ingrid og Bente også lærer bort tvibandstrikking. Kl. 18.00 - kom gjerne seinare om det høver best slik!
Ta med ditt eige strikkarbeid.
Ta gjerne med tynne pinnar og ullgarn - vi tek med rikeleg så det er ikkje noko du må.

Kaffi/te og god kake.


15. april. Søndagsskule: Sying av dokker. Ivana som bur i Årdal  viser korleis ein syr slike dokker som vart selde på julemessa.
Ta med saks, blyant, synåler, knappenåler og kvit og brun tråd.
Ho har med seg stoffpakker a kr 100 som ein kan få kjøpt,
eller ein kan bruka eige stoff.
Med dei ferdiglaga stoffpakkane vert dukkene raskare ferdig.
Pris: Opplysning om dette får du ved påmelding.
Tidsrom: Frå kl. 10.00 – 17.00. Matøkt.
Påmelding til Sissel Klunderud, tlf. 40293079


Torsdag: 26. april: Glasing/ måling på glas med Gerd Skalle som lærar.
Inga påmelding, møt opp om du ønskjer å vera med.


Torsdag 25. mai: Sommaravslutning og planlegging av marknad.


Lædalsmarknaden 2012 vert i år i helga 15. -17. juni.

Me vil ha butikk og kafe i Eldhuset.

Vårt tradisjonelle marknadslotteri vert halde også i år, og me vil satse på loddblokker denne gongen og.
Loddblokkene vil bli utsende til medlemmene i april/mai og laget håpar alle er viljuge til å selja. Husflidslaget ønskjer som før husflidsprodukt til gevinstar og vonar medlemmen vil bidra.

Om nokon av medlemmene ønskjer å vera med på veving kan dei kontakte Torbjørg Takle på mobil 94820087

God handarbeidsvår!!
Styret. 

onsdag 7. mars 2012

Lærdalsvotten frå 1787 på Handarbeidskafe på De Heibergske samlinger


NB! sjekk siste nytt om den komande strikkekafeen i Eldhuset nederst på dette blogginnlegget!




Lærdalsvotten frå 1787

Årdal husflidslag har følgande pressemelding på verdsvevsida si:

“Handarbeidskafe på museet om tvebandstrikking.
Sogn Bunadnettverk arrangerer onsdag 14 mars klokka 19 handarbeidskafé på De Heibergske samlinger - Sogn Folkemuseum. Da skal vi øve på tvebandstrikking eller totrådbinding. Denne gamle strikketeknikken med to trådar gir varme og slitesterke plagg. Dei som vil læra må ta med seg ullgarn i to fargar og tunne strikkepinnar.
Sogn Bunadnettverk har som mål at fleire skal strikke ”Lærdalsvotten”. Votten frå 1787 er den eldste norske votten i denne type tvebandstrikk, og har sidan 1877 vore i samlingane til Nordiska museet i Stockholm. Den har vakkert farga broderi på handflata og flossa krage med rutemønster.
På handarbeidskaféen vil Bjørg Hovland gi ei innføring i tvebandstrikking og syne nokre døme på bruk. Vi finn lite av teknikken i museet sine samlingar. Om nokon har døme heime ta dei gjerne med på møtet.
Det vert utlodding, open museumsbutikk og servert kaffe, te og kaker i kaféen. Det er gratis inngang og alle er velkomne.”

Desse kveldane på museet er alltid så inspirerande og trivelege. Sogn bunadnettverk gjer ein flott jobb for alle husflidsinteresserte i indre strok. Møt opp!

Heilt samd med Marianne sin siste kommentar,
synest husflidslaget i Lærdal bør vere svært godt representert på handarbeidskafeen - med så mange flinke strikkarar som laget har! - og dei fleste kjenner strikkarar som ikkje er medlem av laget!
Samkøyring kan vere ein god ide!
Kaffien og kakene er alltid gode!




På veg heim frå De Heibergske vart det bestemt at det skulle vere:

Strikkekafe i Eldhuset

10.april - første tysdag etter påske

klokka 18.00 - høver det best å kome i 7-tida så går det også bra! 

Vi lærer teknikken vidare - har du noko eksempel på tvebandstrikking er det berre å ta med dette!

To fargar garn og tynne pinnar kan du gjerne ta med,-
då kan du jo ta med fargar som høver til deg til ein mobilvott!

Ta gjerne med ditt eige strikkarbeid også.

Det er alltid kaffi/te og kjeks å få i Eldhuset - denne gongen vert det kake også -
om du har lyst å seie i frå på førehand er det ekstra greitt.
Vi er også på Facebook - der kjem iallefall nyhendene og påminningane!

tirsdag 6. mars 2012

Gåver - Disken frå Oddebui og Teppe til glede-aksjonen

Dei fire buene i Øyragata : Hellandbui - Oddebui - Ulvikbui - Lindstrømbui


Husflidslaget har fått eit stor gåve - ein ny kjøpmannsdisk
- den har vore i Oddebui - den rosa av dei fire buene i Øyragata.
Bileta er tekne i april 2008 medan Øyrastova framleis heldt til i Oddebui.

Her er Nrk sitt fylkesleksikon med meir om historia til Oddebui og eigarane.

Gjevaren visste at den hadde stått i ei av buene -
fleire av karane som bar disken inn i Eldhuset hadde handla Donald over denne disken!

Ein kjøpmannsdisk på nærare 2,5 meter tek stor plass i lagshuset,
men no har laget disk til bruk når Eldhuset er butikk,
lang arbeidsbenk og lagerplass for uendeleg mykje!


Her er teppet som skal sendast via Årdal quiltelag til Arna Quiltelag plassert på disken.
På denne verdsvevsida fortel laget historia om aksjonen som starta i Bergen i 2001.


                         




Dette er ein ”bli-bra-quilt ”                  

          frå Lærdal husflidslag.

     Me håpar den virkar!!!            




Her er lenkja til blogginnlegget frå søndagsskulen i september.
Teppet skulle ha vore ferdig til årsmøtet, det vart ikkje tid nok til det
men lova på årsmøtet at det skulle leggast ut på verdsvevsida.
No er teppet og puta vaska i vaskemaskina og tørketromla -
så no er det klart!

Sidan det allereie er veldig mange lenkjer i innlegget,-
her er lenkja til utgangspunktet for søndagsskulen; - Flygande gjess utan svinn !!!

Det vert nok fleire tepper til aksjonen frå Lærdal husflidslag -
ikkje usannsynleg at det vert guteteppe neste gong!
Tepper til glede-aksjonen - si verdsvevside viser alle teppa som har vorte laga til barn på Haukeland
- 1041 (eit tusen og førtien!) tepper er registrert til dags dato!
Her er ein omtale på Helse Bergen sin verdsvevside.

Putetrekket til teppet - eit resultat av at det var 2 stjerner til som vart sydd på søndagsskulen.
Med to handtak på innsida av putetrekket, kan teppet berast med på tur.

mandag 5. mars 2012

Lær å lage Ivana sine dukker på søndagsskule 15.april


Ivana vert lærar på søndagsskulen i april -
meir informasjon kjem etterkvart.
Dersom du allereie veit at du vil delta;
 - send melding på laerdal.husflidslag@gmail.com
eller til einkvan i styret.


Her er det rikeleg høve til å lage dukker med eigne fargeynskje og uttrykk!