Eldhuset

Eldhuset
Julemarknad i Kvammegården foto OHB

Om oss i Eldhuset og på Montørstasjonen på Lærdalsøyri

lørdag 14. mars 2015

Strikkekafe på Huldra Husflid og Handverk
















Huldra i Flåmsvegen 45 i Flåm (gamle Samvirkelaget)
har strikkekafe torsdag 19.mars klokka 18.00

Vi reiser frå Øyri 17.15
Alle kan kome - samkøyring, men
send SMS eller beskjed til Hilde 905 87 001


onsdag 4. mars 2015

Sykveld for alle 5. mars 19.00

Kom til sykveld for absolutt alle
- men ta gjerne med strikkearbeidet også!
Eit enkelt mønster med større effekt som absolutt alle kan prøvesy!
Laget har symaskiner og stoff!
 
Vi lagar store bitar til eit teppe til Marknadslotteriet
og vil gjerne at du også er med!

tirsdag 24. februar 2015

Strikkekaféar















Huldra i Flåm i morgon:
Handarbeidskveld og Strikkekafé 25.februar kl 18- 21.
Ein kilometer opp Flåmsdalen - dei varmaste tilrådingar frå Anne Kari og Bente!
SMS til 905 87 001 om du vil vere med.
Meir om Huldra kunst og handverk

Torsdagskvelden i Eldhuset i Kvammegården på Lærdalsøyri 19-folk går heim.
Alle er velkomne - medlemsskap er ikkje nødvendig for å ha det triveleg.

Kontstrikk på Borgund husflidslag sitt møte i kommunehuset på Borgund.
Neste måndag, 2. mars klokka 19.00

Biletet er lånt frå Norges Husflidslag.

tirsdag 20. januar 2015

Klart for årsmøte på Biblioteket på skulen

3.februar 2015 klokka 18.00 på Biblioteket på Lærdalsøyri skule.
Vanlege årsmøtesaker – val, årsmelding og rekneskap.

Arbeidsplan og drøfting av lotteria til laget.
A
rbeidet med nytt strikketeppe er forlengst starta,
elles kjem det til å verte andre gevinstar der du har sjansen til å lære andre ny teknikkar!
 
Innkomne saker må vere styret i hende innan 27. januar 2015

Servering og utlodding, ta gjerne med gevinst!
Vel møtt til årsmøte!

mandag 15. desember 2014

søndag 16. november 2014

Julemesse 2014

Husflidslaget ynskjer velkomen til julemessa i Kulturhuset
Laurdag 29.11. kl.11.00 – kl.16.00.
Søndag 30.11. kl.13.00 – kl.19.00.



Sal av julekaker og husflidsprodukt....
 

Gratis kransekakelotteri, handlar du hjå nokon av utstillarane er du med!
 

Juleverkstad.
 

Kafeen til 10. klassa sel julegraut med mandel begge dagar.
Premie til den som finn mandelen!
 

Utstilling av pepparkakehus i kulturhuset heile veke 48.
 

Barnefilm på kino begge dagar: Karsten og Petras vidunderlige jul laurdag kl. 18.00 og Jul i Flåklypa søndag kl. 17.00.

Kom og bli med på å skapa julestemning i bygdi!

torsdag 30. oktober 2014

Laurdag i Flåm Folkedrakter og bunader frå Sogn

 
«Folkedrakter og bunader frå Sogn
Ei reise i tid og landskap»
Laurdag 1 nov kl 13-15, kr 150
Fretheim Hotel, Flåm
 


 

 
 

Sogn bunadnettverk ser fram til denne storslåtte mønstringa av bunader og brurestas frå Sogn på Fretheim Hotel under Nynorske litteraturdagar!
Bjørg Hovland held fyrst føredrag om arbeidet med formidling av historia til folkedrakter og bunader i Sogn.

Ei utstilling av originale plagg frå De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum, i hovudsak frå Aurland kommune, blir å sjå i hotellet sin vestibyle.

Etter føredraget vert det framsyning og presentasjon av mange modellar, både menn, kvinner og barn med sognebunader frå ulike periodar, frå 1814 til 2014!

Til sist syner mønstringa brurestas, med krunebrurer, sølvstas og drakter frå fleire bygder i Sogn.

Det vert lokale og internasjonale musikkinnslag undervegs.                                                  

Det vert høve til boksignering.          

 
Bunad er populært som aldri før. Men korleis vart alle dei ulike bunadene i Sogn til? Kva er det som skil dei frå kvarandre? Korleis har dei utvikla seg frå nasjons-bygginga til vår tid?

I boka « Folkedrakter og bunader frå Sogn»  fortel forfattar Bjørg Hovland nært og personleg frå eit langt liv i bunad, og om gleda over dei vakre bunadene som vekte interessa hennar for temaet.

I boka går ho attende i tid og skildrar korleis sogningane kledde seg til høgtid på

1800-talet då nasjonalromantiske målarar oppdaga fjord, fjell og folk her i Sogn. Hovland har gått på oppdagingsferd i målarkunst og klede, og gjer historia levande for oss gjennom ord og bilete.

Vi gleder oss til å treffe alle bunadinteresserte frå Sogn og omegn!

 
Sogn bunadnettverk v/Bjørg Hovland, Torill Lien Nilsen og Siri Benjaminsen