Eldhuset

Eldhuset
Julemarknad i Kvammegården foto OHB

Om oss i Eldhuset og på Montørstasjonen på Lærdalsøyri

torsdag 30. oktober 2014

Laurdag i Flåm Folkedrakter og bunader frå Sogn

 
«Folkedrakter og bunader frå Sogn
Ei reise i tid og landskap»
Laurdag 1 nov kl 13-15, kr 150
Fretheim Hotel, Flåm
 


 

 
 

Sogn bunadnettverk ser fram til denne storslåtte mønstringa av bunader og brurestas frå Sogn på Fretheim Hotel under Nynorske litteraturdagar!
Bjørg Hovland held fyrst føredrag om arbeidet med formidling av historia til folkedrakter og bunader i Sogn.

Ei utstilling av originale plagg frå De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum, i hovudsak frå Aurland kommune, blir å sjå i hotellet sin vestibyle.

Etter føredraget vert det framsyning og presentasjon av mange modellar, både menn, kvinner og barn med sognebunader frå ulike periodar, frå 1814 til 2014!

Til sist syner mønstringa brurestas, med krunebrurer, sølvstas og drakter frå fleire bygder i Sogn.

Det vert lokale og internasjonale musikkinnslag undervegs.                                                  

Det vert høve til boksignering.          

 
Bunad er populært som aldri før. Men korleis vart alle dei ulike bunadene i Sogn til? Kva er det som skil dei frå kvarandre? Korleis har dei utvikla seg frå nasjons-bygginga til vår tid?

I boka « Folkedrakter og bunader frå Sogn»  fortel forfattar Bjørg Hovland nært og personleg frå eit langt liv i bunad, og om gleda over dei vakre bunadene som vekte interessa hennar for temaet.

I boka går ho attende i tid og skildrar korleis sogningane kledde seg til høgtid på

1800-talet då nasjonalromantiske målarar oppdaga fjord, fjell og folk her i Sogn. Hovland har gått på oppdagingsferd i målarkunst og klede, og gjer historia levande for oss gjennom ord og bilete.

Vi gleder oss til å treffe alle bunadinteresserte frå Sogn og omegn!

 
Sogn bunadnettverk v/Bjørg Hovland, Torill Lien Nilsen og Siri Benjaminsen

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar