Eldhuset

Eldhuset
Julemarknad i Kvammegården foto OHB

Om oss i Eldhuset og på Montørstasjonen på Lærdalsøyri

torsdag 11. august 2011

Lappesaumartausene - enkelte måndagar frå 18.00

Det var på tide å kome i gong med sauming for fleire, - sist onsdag hadde vi eit lite hauststartmøte!

Vi ynskjer å ha eigne lappesaumarkveldar i Eldhuset og tek difor igjen måndagen i bruk til det.
Vi tek med våre eigne maskiner eller nyttar dei som er i Eldhuset,-
gjev kvarandre inspirasjon og deler kunnskap enten vi startar nye prosjekt eller avsluttar gamle.

Det er ikkje usannsynleg at det vert søndagsskule i haust.

Det er iallefall plass til 8 maskiner i bruk samstundes.


- Bilete frå tidlegare tider -

På fylkeslaget sine sider står det at det er ledige plassar på julekurset i Førde siste helga i september.
Dessutan føregår det ei vervekampanje fram til neste sommar!

Dersom nokon har spørsmål eller løysingar eller idear som det er ynskjeleg at styret drøftar, er neste styremøte komande torsdag den 25.august,

Viste du at medlemmar av husflidslag har rabatt på Panduro?

Husflidsdagen 10.september har strikking som hovudtema - ikkje avgjort om det vert noko arrangement i den samanhengen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar