Eldhuset

Eldhuset
Julemarknad i Kvammegården foto OHB

Om oss i Eldhuset og på Montørstasjonen på Lærdalsøyri

lørdag 18. oktober 2014

Anne Tiedemand-Johannessen Møller - Dette er Norge

Anne har gjeve lærdøler høve til å sjå biletvevarbeidet hennar.
Anne har tidlegare vore lærdøl, eller som andre ville seie borjynde på Nedre-Kvamme.
Utstillinga er i dag frå 12.00-16.00 og i morgon 12.00 -15.00
Utstillinga er gratis
 
 
Biletvevaren Anne Tiedemand-Johannessen Møller frå Lillehammer
 
 
Bittelitt av historiefrisa som dekkjer 1814-2014
 
60-talet
 
 
70-talet
80-90 talet
 
2005-2014
 
 
 
Alle fylka fordelt på 12 månadsteppe.
 
 
 



mandag 8. september 2014

Strikkekafé

 
Kom til strikkekaféen på torsdag 11.september!
 
Eldhuset er ope frå 19-21
 
Kaffi/te & noko å bite i
 
Ta med deg strikkearbeidet du held på med eller gjerne skulle ha starta.
 
Alle er hjarteleg velkomne, enten de er medlemmar eller ikkje! 
 
 
- Eldhuset er ope alle torsdagar frå 19-21 -
 
Strikkekafé 1. torsdag i månaden. 

torsdag 20. mars 2014

Påskepynt i Eldhuset i kveld

Vi har samla oppskrifter på strikka, hekla og sauma påskepynt.
Ta gjerne med gult/påskepyntfarga garn og pinnar/heklekrokar som passar og gult/påskepyntfarga stoffbitar.
Eller ta med det handarbeidet du held på med - og kom!

Vi har både kaffi/te og bittelitt å bite i!
Alle er velkomne!

fredag 14. mars 2014

Nupereller på Hopastova i Aurland!


Tre onsdagar 19. og 26.mars og 2. april inviterer Aurland husflidslag til nuperellekurs.
Lærar er Solveig Lie.

Nupereller er ein utdøande husflidsteknikk som det er viktig å ta vare på,
og alle både medlemmer og ikkje-medlemmer er hjarteleg velkomne.

Aurlendingane ynskjer å få ein peikepinn på kor mange som er interessert -
ta kontakt med Eldrid 91325165 eller ol-gro2@online.no

torsdag 13. mars 2014

Vis og fortel

I dag er dagen då du tek med deg ein eller fleire ting du har laga -
det kan vere alt frå eit lite sølvsmykke og nupereller til store dukar og tepper.

Ideen kjem frå quiltelag. Vi synest den kan nyttast i vårt husflidslag og
vi kan vise kvarandre breidda i det vi held på med!

Alle er velkomne!


mandag 3. mars 2014

Strikkekaféar!



Førstkomande torsdag 6.mars er det Strikkekafé i Eldhuset!Eldhuset er ope frå 19-21


Garnet til strikketeppet til Marknadslotteriet ligg klart,
ta gjerne med rundpinne eller langpinne nr 4,5.

Teppet skal setjast saman av lappar som er strikka på skrå, - i lyse og svale fargar. 

Tek du med tovbart garn og strikkepinnar, kan du få oppskrifter og rettleiing på tova vottar, tøfler og sitjeunderlag om du ynskjer det.

Eller

- ta med strikkearbeidet ditt eller det du har lyst til starte på, - og kom!

Det vert strikkekafé i Eldhuset den første torsdagen i månaden.

(Dersom det fell på ein helgedag, er det strikkekafé den andre torsdagen i månaden!)

Kaffi/te og noko å bite i.

 

Men allerførst er det Strikkepub på Borgund på onsdag 5.mars - det er minst ein bil som har ledige sete, spør Astrid!