Marknadslotteriet
Fleire er allereie godt i gang med gevinstar til Marknadslotteriet
Den fine Baby-dukka får stendig meir klede og utstyr.
Garn og oppskrifta til det store strikketeppet ligg i Eldhuset og
ein nydeleg duk vert veven i vevstova i Telegrafgarasjen.
Veving av fillerye
Ein av vevstolane i Telegrafgarasjen skal gjerast klar for filleryer.
Vevstolen skal rennast i felleskap, slik at vi uøvde også får lære det.
Ein del melde seg på årsmøtet, meld frå om du også vil vere med!
Eldhuset er ope torsdagar 19-21
Den som har ansvaret sørger for at døra er open og at det er litt kaffimat.
Strikkekafe er første torsdag i kvar månad.
(Er det ein helgedag, så vert det den andre!)
Det vert lagt opp til å ha eit tema kvar gong, men også høve til å ta med eige
strikk.
Arbeidsplanen:
NB! Andre aktivitetar kan kome eller det kan verte endringar,
men vi skal freiste halde lista oppdatert!
- og melder også på FB om aktivitetar og eventuelle utstyrslister til aktivitetskveldane.
Torsdag 6. mars Strikkekafé – tova vottar,
tøfler og sitjeunderlag
Torsdag 13. mars Vis og
fortel
Torsdag 20. mars Påskepynt
– strikking, hekling og saum.
Torsdag 27. mars Hekle
lyslykt
Søndag 30. mars Søndagsskule
– påskeløpar
Torsdag 3. april Strikkekafé – vottar og OL-hue
Torsdag 10. april Frie
aktivitetar og ferdigstilling av arbeid. Lyspynting?
Torsdag 24. april Innsats
på strikketeppet.
Torsdag 8. mai Strikkekafé
Torsdag 15. mai Vis og
fortel
Torsdag 22. mai Montere strikkateppe
og mottak av gevinstar
Torsdag 29. mai
Torsdag 5. juni Strikkekafé
Torsdag 12.juni Koppebrikke
eller «Mug rug» - lappesaum
Torsdag 19.juni Rydding,
mottak av varer og klargjering til marknaden
og etterpå er det mat og kos.