Eldhuset

Eldhuset
Julemarknad i Kvammegården foto OHB

Om oss i Eldhuset og på Montørstasjonen på Lærdalsøyri

mandag 3. mars 2014

... aktivitetar og planar...

 
Marknadslotteriet
Fleire er allereie godt i gang med gevinstar til Marknadslotteriet
Den fine Baby-dukka får stendig meir klede og utstyr.
Garn og oppskrifta til det store strikketeppet ligg i Eldhuset og

ein nydeleg duk vert veven i vevstova i Telegrafgarasjen.
Veving av fillerye
Ein av vevstolane i Telegrafgarasjen skal gjerast klar for filleryer.
Vevstolen skal rennast i felleskap, slik at vi uøvde også får lære det.
Ein del melde seg på årsmøtet, meld frå om du også vil vere med!
Eldhuset er ope torsdagar 19-21
Den som har ansvaret sørger for at døra er open og at det er litt kaffimat.
Strikkekafe er første torsdag i kvar månad.
(Er det ein helgedag, så vert det den andre!)
Det vert lagt opp til å ha eit tema kvar gong, men også høve til å ta med eige strikk.

Arbeidsplanen:
NB!
Andre aktivitetar kan kome eller det kan verte endringar,
men vi skal freiste halde lista oppdatert!

- og melder også på FB om aktivitetar og eventuelle utstyrslister til aktivitetskveldane.


Torsdag   6. mars       Strikkekafé – tova vottar, tøfler og sitjeunderlag
Torsdag 13. mars                Vis og fortel
Torsdag 20. mars                Påskepynt – strikking, hekling og saum.
Torsdag 27. mars                Hekle lyslykt
Søndag 30. mars        Søndagsskule – påskeløpar

Torsdag  3. april          Strikkekafé – vottar og OL-hue
Torsdag 10. april                 Frie aktivitetar og ferdigstilling av arbeid. Lyspynting?
Torsdag 24. april                 Innsats på strikketeppet.

Torsdag   8. mai           Strikkekafé
Torsdag 15. mai                   Vis og fortel
Torsdag 22. mai                   Montere strikkateppe og mottak av gevinstar
Torsdag 29. mai

Torsdag 5. juni              Strikkekafé
Torsdag 12.juni                   Koppebrikke eller «Mug rug» - lappesaum 
Torsdag 19.juni                   Rydding, mottak av varer og klargjering til marknaden
                                           og etterpå er det mat og kos.

lørdag 1. februar 2014

Årsmøte 11.februar kl 18.00

I tillegg til årsmøtesaker,
vert samanslåing av Borgund og Lærdal husflidslag drøfta.

Styret oppfordrar medlemmane om å kome med ynskje om aktivitetar i 2014.

Innkomne saker må vere styret i hende innan 4.februar 2014.

Servering og utlodning.
Ta med gevinst til utloddinga.

Vel møtt til årsmøtet.!

Helsing styret i Lærdal husflidslag.

fredag 15. februar 2013

Nålefilting på Hopastova i Aurland 5.mars


 Aurland husflidslag arrangerer temakveld tirsdag 5.mars kl 19.00


Nålefilting av påskefigurar med Sonata

















Påmelding til Eldrid K Grønsberg innan 1.mars.     
Kr 50,- + matrialer max 15 deltakarar.
Ved stor påmelding,
vert medlemmer i Aurland husflidslag
prioriterte.












Meld deg vel!!!!
-Styret-
Aurland husflidslag


Lånebilete
http://www.monai.net/blog/ http://www.hifa.no/
http://www.anettelyskjaer.dk/
 

onsdag 6. februar 2013

Lærdøler på smykkekurs hjå aurlendingane

Eke Krug frå Undredal har halde to kurskveldar på Hopastova i Aurland.

Eke har lagd ut denne biletserien
- og her er lenkja til bloggen hennar.
Har lånt nokre av bileta hennar!












 

 



fredag 18. januar 2013

Lærdalsvotten frå 1787 med flossakant

Førstkomande onsdag 23.januar, endå ein god grunn til å ta ein Sogndalstur - eller ein kveldstur på Kaupangerskogen!

Flossakant på vottar og huer

Flossakant på vottar og huer

Flossakant, nappakant, tafs, befs – kva i all verda er det?

Svaret får du om du kjem på museet onsdagskvelden, 23. januar.
Der er det handarbeidskafé, og temaet er nettopp flossakant – også kalla nappakant, tafs eller befs.
Vi finn flossakant på mange eldre handarbeid som til dømes vottar, handlin og huver,
og i samarbeid med Sogn Bunadnettverk vil museet denne kvelden
invitera alle til å læra meir om nettopp flossakanten.

På biletet ser vi ei tradisjonell blåhuve,
eit svært vanleg hovudplagg for karane her i Sogn i gamle dagar.
Flossakanten er ikkje berre dekorativ, men gjorde nok også huva varmare.

Det same ser vi av vottane på biletet.
Dette er den såkalla Lærdalsvotten frå 1787, som no er i samlingane til Nordiska Museet i Stockholm.
Dette er den eldste norske votten i tvibandstrikk,
med vakkert farga broderi på handflata og flossa «krage» med rutemønster.

På handarbeidskafeen onsdag vil Bjørg Hovland gje ei kort innføring om flossakanten
og syna nokre døme på korleis han er brukt på plagg i museumssamlingane.
Er det kanskje nokon som har gamle plagg med flossakant heime?
I så fall oppmodar vi alle om å ta dei med på handarbeidskafeen, slik at fleire får sjå dei.

Men onsdagskvelden skal vi ikkje berre sjå og høyra.
Alle interesserte får òg høve til å læra seg teknikken med å laga flossakant.
Ta då med ein tett, glattstrikka prøvelapp på ca. 5x10 cm,
strikkepinne i storleik ca. 5, to fargar med ullgarn og nål til ulltråden, så får du prøva sjølv.

Det vert elles utlodding, open museumsbutikk og servering av kaffi, te og kaker i kafeen.
Det er gratis inngang, og alle er velkomne!

torsdag 17. januar 2013

Årsmøte tysdag 5.februar kl 18.00 på Kvammes kafe

Vanlege årsmøtesaker og innkomne saker.
Val av styre, arbeids- og ansvarsgrupper.
Arbeids- og aktivitetsplan.

Styret oppfordrar medlemmane til å kome med ønskje om aktivitetar for 2013.
Innkomne saker må vere styret i hende innan 28.januar 2013.

Servering og utlodding - ta med gevinst til utloddinga.

Vel møtt til årsmøte!