Eldhuset

Eldhuset
Julemarknad i Kvammegården foto OHB

Om oss i Eldhuset og på Montørstasjonen på Lærdalsøyri

torsdag 10. januar 2013

Aktivitetskalendaren til Aurland husflidslag

Det er fleire frå Lærdal husflidslag som har meldt seg på kurset til Eke komande tysdag,
her er lista over alle planlagde aktivitetane til aurlendingane i vår:

 

15.og 22 jan  Smykkekurs Lærar Eke Krug
    kl.19.30      Påmelding innan 13 januar til Eldrid K Grønsberg 91 32 51 65.
                    
Om det ikkje passar begge kveldane, kan du vere med ein av kveldane.
                        Kr
300,- for 2 kveldar, 200,- for ein kveld.

                 
     
19 januar       Studiering i Keramikk/raku Anne-Line Nesse Johnsen
                       
Lager Rakuovn og brenner keramikk.

25-26.jan       Pilflettinggskurs Lærar Drude Isene.
                       
Påmelding innan 17 jan til Eldrid 91325165 eller e-post:
olgro2@online.no
                       
Max 8 pers  Kr 1000,- + materialkostnader ca 200,-


30.jan            Kurs i Bunadslenke og vikingsmykker onsdagar frå  kl.18-20.30
                       
Påmelding til Eldrid 91325165 eller Irene 48137039 innan 20 januar
                        Deltakarar frå 7.klasse og oppover

 31.jan            Strikkekafe på Huldra Husflid i Flåm, kl.18.30

Jan/Feb          Oppstart studiering i Bunadsskjortesaum.
                       
Interesserte, ta kontakt med May Sigrun Winjum 46899331

Jan/Feb          Oppstart studiering med lærar i Veving, Randi Veum og Solveig Lie
                        Interesserte, 
ta kontakt med Randi Veum 99558675


12.feb             Årsmøte i Hopastova kl 19.30
28.februar     Strikkekafe på Huldra husflid i Flåm, kl.18.30
 
Helg i februar/mars 
                        Maskinstrikkingskurs Lærar Greta Lie. For nybyrjarar + litt øvde.
                       
Intresserte, ta kontakt med Eldrid 91325165  innan 25 januar

1-3 mars         Sveipekurs Huldra Husflid i Flåm. Lærar Per Lie
                         Påmelding til Cecilie Bugge 97017672  eller  Eldrid K Grønsberg 91325165
                      ol-gro2@online.no  Max 8, ved stor interesse vert medlemmene prioriterte

5.mars             Nålefilting av påsketing med Sonata i Hopastova kl 19.00. Kr 50 pr deltakar

12.mars           Omvisning og ser glasblåsing på verkstaden til Merete Rein.
                         
Servering av kaffe/te med noko attåt.

                         
Kjem du, ta kontakt med Eldrid 91325165, slik at dei veit  kor mange som kjem.


Håpar på å få til aktivitet i "Snikkerboden" til hausten att.
Hår du forslag til aktivitetar, er vi veldig glad for å få melding om det. Ta kontakt med styret: Irene Stegen, Grethe Vikesland, Edith Høyseth, Ellen J. Skjerdal eller Eldrid K. Grønsberg. 

onsdag 2. januar 2013

Spennande kurs i Aurland i januar

Godt nytt husflidsår!

Vi er velkomne til smykkekurs og pilflettingskurs hjå Aurland husflidslag i januar!

Smykkekurs i Hopastova med Eke Klug


Tirsdag 15.jan og 22.jan kl 19.30
Eke lærer oss å lage smykker med teknikkar og materialer ho bruker når ho lagar smykker.

Medlemmer og ikkje-medlemmer er hjarteleg velkomne
 
Dersom du ikkje kan møte begge kveldar får ein tid til å lage eit smykke på ein kveld også.Kr 300 for 2 kveldar og kr 200 for ein kveld. Påmelding innan 13.januar for at Eke skal vite kva ho treng ha med seg av materiale. Påmelding til Eldrid 91325165 eller ol-gro2@online.no 
Gjer deg opp tankar om kva fargar du vil ha på smykket
Ta med:
Ei lys gamal T-skjorte som kan klyppast og målast på
Ei god saks
Bilde frå eit ukeblad eller fotobilde som kan klyppast i
 
 
Pilflettingskurs i Hopastova med Drude Isene


Fredagskveld 25. og heile laurdagen 26.januar.
Pris:1000,- + materialkostnadar ca 200,- Vi lærer grunnleggande teknikkar i pilfletting, husflidslaget fortel at Drude Isene er veldig dyktig i pilfletting, så ikkje la sjansen gå frå deg!

For meir info om pilfletting
sjå denne verdsvevsida:
Søreskogen

Påmelding max 8 deltakarar
Påmeldingsfrist 17.januar til Eldrid  91 32 51 65 eller ol-gro2@online.no       

onsdag 28. november 2012

1.&2.desember Julemessehelg i Sogn kunstsenter

Julemessa er også i år i hallen til Sogn kunstsenter / Norsk Villakssenter

Opningstider:
Laurdag 12-17.00
Søndag 14-19.00

Sjå denne lenkja for heile vinterprogrammet for Kulturhuset i Lærdal, fleire arrangement no før jul!

Treng du meir informasjon om julemessa ta kontakt med Karin 95479779 eller send e-post til laerdal.husflidslag@gmail.com

Det er loddsal på Kiwi denne veka!


















Naturlegvis er det morellehjarte på teppet som er ein av gevinstane i år!
 
 
 
Den strikka julekrybba er ein av fjorårets utloddingsgevinstar
- i år er det ei julekrybbe i oliventre frå Betlehem.














Sogn kunstsenter/Norsk Villakssenter/Lærdal Kulturhus
 

mandag 19. november 2012

Julemesse og julelotteri

Julemesse i Sogn kunstsenter opnar laurdag 1.desember klokka 12.00!
 
Også i år er det julelotteri - det vert trukke etter at julemessa er stengd søndag 2.desember
Denne veka er det loddsal på COOP og neste veke på KIWI.
 
Mange fine gevinstar
t.d. strikka julekuler, Julekrybbe i oliventre frå Betlehem og dongerylappeteppe
 
 
 
 

 
 
 

 

lørdag 10. november 2012

Søndagsskule med Anna Margrethe Tråve

Anna Margrethe er lærer på søndagsskulen med toving.
Søndag 18.november.
Det er høve til å kjøpe ull om du ynskjer det.
Matøkt som det plar vere på søndagsskulen i Eldhuset.
Påmelding til Sissel Klunderud 40293079.

fredag 5. oktober 2012

Husk Jorunn, dongeri og neste torsdag 11.oktober





Jorunn rettleier i bruk av dongeri til vesker, puter og tepper

- ta med dongeriklede og gjerne applikasjonsstoff om du har lyst til å prøve det også!

Det gjer ikkje noko om du gjev Jorunn beskjed om du kjem

- men du må gjerne kome utan å ha gjort det

- du kan ta med symaskina di om du ynskjer det,
elles har lager fleire maskiner du kan nytte.

onsdag 3. oktober 2012

Den nye brurekrona til Lærdal og Borgund bygdekvinnelag


lLærdalsmarknaden vart brurekrona som var ferdig 25.september presentert.
Her er artiklane på verdsvevsida til Porten - høvesvis  fredag, laurdag og søndag,
og her i Sogn avis på måndag.redhttp://www.porten.no/eway/default.aspx?pid=254&trg=Nede_6142&Main_6122=6142:0:&Nede_6142=6128:99671::0:6143:16:::0:0http://www.porten.no/eway/default.aspx?pid=254&trg=Nede_6142&Main_6122=6142:0:&Nede_6142=6128:99671::0:6143:16:::0:0ag,
På biletet er tidlegare ordførar Olav Wendelbo sr. og Siri Bjerknes,
ei av jentene frå "Gøy på landet"-serien.
 
 






















Bygdekvinnelaga ønskte at det skulle vere ei brurekrone i bygda - og har arbeidd med det i 10 år.

 
 
Prosjektgruppa har vore Kjellrunn Nesse frå Borgund bygdekvinnelag, Anne Sofie Natvik Henriksen og Kari Hjermann frå Lærdal bygdekvinnelag og Jorunn Hunderi som syr bunader.

Gruppa har vore på De Heibergske samlinger på Kaupanger og til Årdal for å sjå kronene der.
Ei brurekrone frå Lærdal kan vere reist til Amerika, men har ikkje vore mogeleg å spore opp.
Eldre bryllaupsbilete viser at det som helst var nytta var
ein slags blomekrans av stoff som vart knytt rundt hovudet.

Her er ein artikkel frå Magsinet Bunad om brurekroner frå Indre Sogn

Bygdekvinnelaga var samde om at krona ikkje skulle vere tung og den skulle ha motiv frå Lærdal.
 
 
I samarbeid med dei som skulle lage krona, har den fått mønster frå gamle Hauge kyrkje og eit ansikt frå Husum-beltet på leddstolpane.

Bygdekvinnelaga fortel at dei har hatt eit veldig godt samarbeid med
Knut Mykkeltvedt frå Fjordsylv i Vik som hatt ansvaret for å lage krona.

Brurekrona er finansiert gjennom bygdekvinnelaga sitt dugnadsarbeid med den tradisjonsfyllte koking og sal av rømmegraut på Lærdalsmarknaden,
Gåveinstituttet til Indre Sogn Sparebank, Borgund husflidslag, Lærdal husflidslag, Lærdal og Borgund Bondelag, Tønjum grendalag, Lærdal kommune, Østfold energi og ein privatperson bidrege. 

Drakta som Siri har på seg, er sydd av Jorunn Hunderi.
Det er ein kopi av ei gamal drakt frå ei brur i Lærdal.

Olav sin sognebunad vart sydd av Hanne Smedegård til 2000 årsjubileet.

Bygdekvinnelaga vil leige ut bryllaupsstasen til dei som skal gifte seg.
Den første som giftar seg i den, vil få leige den gratis.