Anna Margrethe er lærer på søndagsskulen med toving.
Søndag 18.november.
Det er høve til å kjøpe ull om du ynskjer det.
Matøkt som det plar vere på søndagsskulen i Eldhuset.
Påmelding til Sissel Klunderud 40293079.
lørdag 10. november 2012
fredag 5. oktober 2012
Husk Jorunn, dongeri og neste torsdag 11.oktober
Jorunn rettleier i bruk av dongeri til vesker, puter og tepper
- ta med dongeriklede og gjerne applikasjonsstoff om du har lyst til å prøve det også!
Det gjer ikkje noko om du gjev Jorunn beskjed om du kjem
- men du må gjerne kome utan å ha gjort det
- du kan ta med symaskina di om du ynskjer det,
elles har lager fleire maskiner du kan nytte.
onsdag 3. oktober 2012
Den nye brurekrona til Lærdal og Borgund bygdekvinnelag
PålLærdalsmarknaden vart brurekrona som var
ferdig 25.september presentert.
og her i Sogn avis på måndag.redhttp://www.porten.no/eway/default.aspx?pid=254&trg=Nede_6142&Main_6122=6142:0:&Nede_6142=6128:99671::0:6143:16:::0:0http://www.porten.no/eway/default.aspx?pid=254&trg=Nede_6142&Main_6122=6142:0:&Nede_6142=6128:99671::0:6143:16:::0:0ag,
På biletet er tidlegare ordførar Olav Wendelbo sr. og Siri
Bjerknes,
ei av jentene frå "Gøy på landet"-serien.
Prosjektgruppa har vore Kjellrunn Nesse
frå Borgund bygdekvinnelag, Anne Sofie Natvik Henriksen og Kari Hjermann frå
Lærdal bygdekvinnelag og Jorunn Hunderi som syr bunader.
Gruppa har vore
på De Heibergske samlinger på Kaupanger og til Årdal for å sjå kronene der.
Ei
brurekrone frå Lærdal kan vere reist til Amerika, men har ikkje vore mogeleg å
spore opp.
Eldre
bryllaupsbilete viser at det som helst var nytta var
ein slags
blomekrans av stoff som vart knytt rundt hovudet.
Her er ein artikkel frå Magsinet Bunad om brurekroner frå Indre Sogn
Bygdekvinnelaga var samde om at
krona ikkje skulle vere tung og den skulle ha motiv frå Lærdal.
I
samarbeid med dei som skulle lage krona, har den
fått mønster frå gamle Hauge kyrkje og eit ansikt frå Husum-beltet på
leddstolpane.
Bygdekvinnelaga fortel at dei har hatt eit veldig godt
samarbeid med
Knut Mykkeltvedt frå Fjordsylv i Vik som hatt ansvaret for å lage
krona.
Brurekrona er finansiert gjennom bygdekvinnelaga sitt
dugnadsarbeid med den tradisjonsfyllte koking og sal av rømmegraut på Lærdalsmarknaden,
Gåveinstituttet til Indre Sogn Sparebank, Borgund husflidslag, Lærdal husflidslag, Lærdal og Borgund Bondelag, Tønjum grendalag, Lærdal kommune, Østfold energi og ein privatperson bidrege.
Drakta som Siri har på seg, er
sydd av Jorunn Hunderi.
Det er ein kopi av ei gamal drakt frå ei brur i
Lærdal.
Olav sin sognebunad vart sydd av Hanne Smedegård til 2000
årsjubileet.
Bygdekvinnelaga vil leige ut bryllaupsstasen til dei som
skal gifte seg.
Den første som giftar seg i den, vil få leige den gratis.
mandag 24. september 2012
Hardt arbeid er på gang til julelotteriet!
Inntektene til husflidslaget,
er i all hovedsak frå dei to lotteria knytt til Lærdalsmarknaden og til Julemessa.
Planarbeidet er sett i gang, -
har du gevinstar du ynskjer å gje eller vil du ta del i arbeidet med å lage fleire gevinstar,
er det berre å ta kontakt i Eldhuset under Haustmarknaden eller direkte til lotterinemnda.
lørdag 15. september 2012
Ivana-dukkene frå Lærdal
Vi er i gang med å ta bilete av Ivana-dukkene vi laga på kurs med Ivana i vår.
Først ute på fotosession på torsdagen var Jorunn og Bente sine dukker.
Vi veit at det er fleire som er ferdige -
så det vert nok meir bilete etter kvart.
Det er 4 som har meldt seg til å vere med på å saume lappeteppe til utlodninga på Julemessa.
Medlemmer og andre i Lærdal -
gjer vel og meld deg
Er vi mange
vert det berre litt på kvar!
onsdag 12. september 2012
Aktivitetsplan hausten 2012
Styret ynskjer vel møtt til ein hyggeleg husflidshaust.
11. oktober kl. 18.00-21.00 Sying med dongeri
- Jorunn Hatlevoll rettleiar i å lage teppe/pute/veske
- Ta med kle/stoff av dongeri, det du har.
- Noko anna stoff som høver til applikasjon, dersom du vil ha det.
18.november kl 10-17.00 Søndagsskule med toving.
- Anna Margrethe Tråve viser korleis tove sitjeunderlag, gryteklutar og pulsvarmarar.
- Ull vert å få kjøpt
- Mat
- Påmelding til Sissel Klunderud tlf 40293079
- Gerd Skalle viser teknikken
Vevinga held til i Montørstasjonen - ta kontakt med Torbjørg Takle tlf 57666372
Julemesse 1.-2.desember i Lærdal kulturhus og julegateopning
- Nærare informasjon kjem
- Julelotteri
fredag 4. mai 2012
AVLYST - Søndagsskule med Ivana - elefantdukke!
Kurset er diverre avlyst!
Førstkomande søndag 6.mai er det søndagsskule frå 10-tida til 18-tida i Eldhuset med matpause.
Prisen for materialpakken er kr. 150,-
Kurset er ikkje fullt - det vert helde uansett.
Kurset har vore utlyst på FB - men har ikkje vore omtala her.
Ta kontakt med BenteO for meir informasjon.
Abonner på:
Innlegg (Atom)








