Eldhuset

Eldhuset
Julemarknad i Kvammegården foto OHB

Om oss i Eldhuset og på Montørstasjonen på Lærdalsøyri

mandag 3. mars 2014

Strikkekaféar!



Førstkomande torsdag 6.mars er det Strikkekafé i Eldhuset!Eldhuset er ope frå 19-21


Garnet til strikketeppet til Marknadslotteriet ligg klart,
ta gjerne med rundpinne eller langpinne nr 4,5.

Teppet skal setjast saman av lappar som er strikka på skrå, - i lyse og svale fargar. 

Tek du med tovbart garn og strikkepinnar, kan du få oppskrifter og rettleiing på tova vottar, tøfler og sitjeunderlag om du ynskjer det.

Eller

- ta med strikkearbeidet ditt eller det du har lyst til starte på, - og kom!

Det vert strikkekafé i Eldhuset den første torsdagen i månaden.

(Dersom det fell på ein helgedag, er det strikkekafé den andre torsdagen i månaden!)

Kaffi/te og noko å bite i.

 

Men allerførst er det Strikkepub på Borgund på onsdag 5.mars - det er minst ein bil som har ledige sete, spør Astrid! 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar