Eldhuset

Eldhuset
Julemarknad i Kvammegården foto OHB

Om oss i Eldhuset og på Montørstasjonen på Lærdalsøyri

torsdag 3. november 2011

Melding frå Aurland til husflidslaget

Hallo alle husflidsinteresserte i Lærdal.

I sommar opna vi Huldra husflid og Kunsthandverk på Lunden i Flåm.
(eit par kilometer frå sentrum i Flåm og opp mot kyrkja, Gamle samvirkelaget for dei som hugsar det)
Vi har ulike typar strikkegarn frå Du store Alpakka, Telespinn, Hillesvåg og Solberg.Elles har vi sytilbehør, strikkepinnar ol. vi har og glaskunst frå Merete Rein i Aurland, keramikk frå Linda Lid på Voss og porselen frå Sarah Reed i Bergen, Smykke frå Kristin Selboskar som er oppvokst i Aurland og bøkene til Signe Olaug Pedersen , (lærar i Aurland)

De kan gå inn på facebook sida vår der er det nokre bilete.
Opningstider : tysdag og torsdag kl 11-18
                              laurdag           kl 10-15
Vi opnar gjerne andre ettermiddagar eter avtale.

Velkommen til butikken vår !

Helsing Torill Bruvik og Wenke Bakketun (93423934)

https://www.facebook.com/search.php?q=huldra&init=quick&tas=0.036008804685368545#!/pages/Huldra-Husflid-og-Kunsthandverk/208254572543259

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar